Dokument · Vilkår
Brukarvilkår
Sist oppdatert 1. mai 2026
Bruksområde
Nyrekost er eit verktøy for å føre logg over inntak av næringsstoff. Appen er ikkje medisinsk utstyr og gir ingen behandlingsråd, doseringsinstruksjonar eller diagnostikk.
Medisinsk ansvarsfråskriving
Informasjonen i appen erstattar ikkje medisinsk behandling, råd eller diagnose frå lege, klinisk ernæringsfysiolog eller anna helsepersonell. Du brukar appen på eige ansvar. Avtal alltid personlege diettgrenser med behandlande lege/dietist.
Næringsdata
Næringsverdiar er henta frå Matvaretabellen til Mattilsynet og Helsedirektoratet, lisensiert under NLOD 2.0. Verdiane er gjennomsnitt for typiske matvarer og kan avvike frå konkrete merkevarer.
Strekkodeskanning
Strekkodelookup brukar Open Food Facts (open database, ODbL-lisens). Mappingar mellom strekkode og Matvaretabellen-oppføringar gjer du sjølv og blir lagra lokalt på din telefon.
Avgrensing av ansvar
Utviklaren tek ikkje ansvar for skadar eller helseutfall som følgje av bruk av appen. Appen blir levert «som den er» utan garantiar.
Endringar
Vilkåra kan bli oppdaterte. Vesentlege endringar blir varsla i appen.
Kontakt
Spørsmål? Send e-post til oysborch@gmail.com.